Uthus til jul

 

Per Røneid gjer ferdig uthus på Votndalsåsen i Ål.
Foto: Bård Svardal

 
 

Mange ynskjer seg lagringsplass til jul – Ålhytta har i haust levert 13 uthus!


Ofte kjem behovet for ekstra lagringsplass etter at hytta er bygd.
Ski, syklar, verktøy og ved må også ha sin plass og då er ofte eit uthus løysinga.

Uthus frå Ålhytta vert bygd med same arkitektur som hytta. Med ei god plassering på tomta kompletterer uthuset hyttetunet, eventuelt i kombinasjon med eit anneks.

Våre uthus kan leverast etter kunden sitt behov - frå 9 til 25 m2.

Eit tips kan vera å sjekke kva reguleringsbestemmelsane seier om bygging av uthus på di tomt.

Ålhytta hjelper deg med plassering og bygging.

Erlend Hagen