Minneord

 Sigurd Kirkebøen

17.5.31 – 25.2.24

Grunnleggaren av Ålhytta Sigurd Kirkebøen sovna stille inn sundag 25. februar 2024.

Gjennom eit langt liv etablerte Sigurd fleire bedrifter, dei fleste knytt til hytteproduksjon - mest kjent er Ålhytta.

Fødd i Hemsedal på nasjonaldagen i 1931, her hadde han barne- og ungdomsåra.

Etter utdanning og arbeid i Drammen var han 6 år på Gol Bygg.

Sigurd kom til Ål som samvirkelagsbestyrar av Samhald handelslag i 1958, her utvikla han butikken og drifta gjennom mange år. Han såg ein auka i turisme og hyttebygging og starta tidleg med heimlevering av kolonialvarer til hyttefolket.

Møbelforretninga Hallingmøbler starta fyrst som ei avdeling av Samvirkelaget i kjellaren på Samhald.

I 1966 starta han Ål Hyttebygg i lag med Asle Bøygard og Olav Opsato. Hyttebygginga tok for alvor fart etter at Ål kommune året etter gjennomførte ein arkitektkonkurranse for hytter.
Ål Hyttebygg AS overtok vinnarutkasta og Sigurd utvikla eit tett og godt samarbeid med arkitekt Jon Haug i Lund & Slaatto Arkitekter. Vinnarutkasta vart omarbeidd for elementproduksjon til det som vart Ålhytta.

Ålhytta synte seg å bli «et svært slitesterkt konsept» som arkitekten ordla seg på Ålhytta sitt 50-årsjubileum.  Minimalistisk design, arealeffektive bygg og omsyn til naturen var viktige verdiar på 1960-talet, men står minst like sterkt i dag.

Med energi og pågangsmot drog Sigurd dette i gang til å bli ei levedyktig bedrift med mange lokale arbeidsplasser som var målet til Ål kommune.

Knoppskyting og lisensproduksjon av hytter har ført til etableringar og arbeidsplasser i andre distrikt som framleis er i god drift.

Med karisma og kontaktskapande evner knytta Sigurd personleg kontakt med mange kundar og samarbeidspartnerar som Ålhytta framleis har stor glede av.

Me lyser fred over hans minne i takksemd over å kunne vidareføre Ålhyttearven i Sigurd si ånd.